Hva leser Elin T. Hoel?

Elin T. Hoel

Fastlege Nannestad kommune. Redaktør i Utposten

Eg var heldig og vaks opp i ein heim med bøker og foreldre som las. Mor og far viste veg til verda til Tove Jansson, Astrid Lindgren og Torbjørn Egner. Til eventyr og fablar. Dei var dyrebare desse stundene då vi sat saman. I Brødrene Løvehjerte attkjenning, ord lese høgt om det som var vanskeleg å snakke om. Dei to gutane kjem til Kløverdalen, til vår og fulgekvitter. Det var ei trøyst. Og slik vaks eg opp. Med stor grad av fridom, var snill og grei, og plaga ikkje andre. Så hadde det seg slik at då eg hadde lært å lese og skrive, så flytta familien frå vest til aust. Ein heilt fersk bror var med, ei glede. Rett utanfor den raude blokka vår i Johan Castbergs veg pla bokbussen stoppe. Der inne ei særeiga duft av gamalt papir. Bøker med stive permer og ei brun lomme til lånekort. Donaldblader var der òg. Her i aust var det bokmål som gjaldt.